Page 1 of 1

Gjetteleik med nummer

Posted: Wed Nov 04, 2020 8:43 pm
by Fjella
Vi får finne på noko under landslagsopphaldet. Her ved Bardisken må det vera lov å leike seg med uvesentlege ting, sjølv i desse korona-tider.
Eg meiner å ha sett tendensar til dette når det gjeld nummer:

Målvaktene er ikkje så glade i nr. 1 lenger

Einsifra tal er ikkje lenger gjæve, altså nr. 2-9

Dei lågaste, tosifra nummer er ikkje populære lenger, altså 10-19 og 20-29

Den høgste gruppa av tosifra nummer er ekstra populære, altså 90-99.

Like dobbeltsiffer er populære, altså 11, 22, 33 … 99

Runde tal er populære, altså 10, 20, 30 … 90

Eg har tald opp nummer i Fjordkraft-ligaen for å finne ut om det eg meiner å ha sett stemmer. La vi ta nr. 1 på målvaktene:

Påstand: Målvaktene er ikkje så glade i nr. 1 lenger: Fakta, ja eller nei?

Sjekk: Det viser seg at det berre er Dahlberg i Frisk og Strand i Storhamar som spelar med nr. 1 på ryggen.
Vi får konkludere at påstanden er rett. Gjetteleiken startar med neste påstand

Re: Gjetteleik med nummer

Posted: Wed Nov 04, 2020 8:45 pm
by Fjella
Påstand nr. 2: Einsifra tal er ikkje lenger særleg populære, altså nr. 2-9. Kva trur folket? Sant eller usant?
Fyr laus, svaret kjem i morgon kveld.

Re: Gjetteleik med nummer

Posted: Thu Nov 05, 2020 4:47 am
by Cola
Tips: USANT
men er ett tips
Men du burde komme med ett tidsepoke.

Re: Gjetteleik med nummer

Posted: Thu Nov 05, 2020 8:39 am
by Fjella
Cola wrote:
Thu Nov 05, 2020 4:47 am
Tips: USANT
men er ett tips
Men du burde komme med ett tidsepoke.
Notida er spelarane i Fjordkraftligaen denne sesongen. Gjetteleiken er uhøgtideleg så fortida har eg ikkje spesifisert. Då måtte vi ha gått inn på historisk materiale og som du seier definert samanlikningsgrunnlaget.

Re: Gjetteleik med nummer

Posted: Thu Nov 05, 2020 8:32 pm
by Fjella
Fjella wrote:
Wed Nov 04, 2020 8:45 pm
Påstand nr. 2: Einsifra tal er ikkje lenger særleg populære, altså nr. 2-9. Kva trur folket? Sant eller usant?
Fyr laus, svaret kjem i morgon kveld.
Vi kan vel seia at påstanden er SANN. I Fjordkraft-ligaen er det 23 spelarar som har nummer frå 2-9. Om det har vore jamn fordeling mellom alle tilgjendelege nummer ville talet ha vore 22, altså ndesten det same. Før var det jo vanleg at backene hadde låge nummer, særleg frå 2-7, no er ikkje det så vanleg lenger.

Re: Gjetteleik med nummer

Posted: Thu Nov 05, 2020 8:36 pm
by Fjella
Låge tosifra nummer er ikkje særleg populære lenger, nr. 10-19 og 20-29 SANT eller USANT?
Frist til i morgon kveld med å gjette.

Re: Gjetteleik med nummer

Posted: Fri Nov 06, 2020 9:14 am
by tiger_n
USANT.

Frisk har møtt til nå 79 (ca) ulike spillere med nummer mellom 10 og 29.

Re: Gjetteleik med nummer

Posted: Sat Nov 07, 2020 7:38 am
by Fjella
Fjella wrote:
Thu Nov 05, 2020 8:36 pm
Låge tosifra nummer er ikkje særleg populære lenger, nr. 10-19 og 20-29 SANT eller USANT?
Frist til i morgon kveld med å gjette.
Ja, som Tiger'n seier, må vi kunne rekne det som USANT

Det er i Fjordkraft-ligaen 53 spelarar i nummergruppa 10-19 og også 53 spelarar i gruppa 20-29. Om nummera hadde vore jamt fordelte skulle det ikkje vore fleire enn 24. Det er altså meir enn dobelt så vanleg med slike nummer enn det vi kunne vente å få om vi trekte tilfeldige nummer til kvar spelar.

Det er kanskje slik at trøyer med desse nummera blir utdelte til unge spelarar, og at dei seinare blir hengande fast med dei?

Re: Gjetteleik med nummer

Posted: Sat Nov 07, 2020 7:43 am
by Fjella
Den høgste gruppa av tosifra nummer er ekstra populære, altså 90-99. SANT eller USANT

Eg skal prøve å svara i kveld. Fritt fram å gjette, men kan hende er verkelege bardiskar meir populære enn denne virtuelle no like før det blir stengt i Oslo.

Re: Gjetteleik med nummer

Posted: Sun Nov 08, 2020 1:01 pm
by Fjella
Fjella wrote:
Sat Nov 07, 2020 7:43 am
Den høgste gruppa av tosifra nummer er ekstra populære, altså 90-99. SANT eller USANT
Tja, det spørs kva ein jamfører med. Det er 22 spelarar i Fjordkraft-ligaen med slike nummer, det skulle ha vore 24 om nummera hadde vore jamt fordelte. Så, USANT kan ein seia at det er. På den andre sida er det slik at denne gruppa er mykje meir populær enn gruppa 30-39 som har berre 19, gruppa 50-59 med 12, gruppa 60-69 med berre 8, 70-79 med 12 og 80-89 med 13.

Det ser ut til at gruppa 30-39 er lite populær for andre enn målvakter trass i at Zucca finst i denne gruppa.

Overraskande er det kanskje at gruppa 40-49 er nokså populær med 26 spelarar, mot som sagt 22 i 90-99.

Re: Gjetteleik med nummer

Posted: Sun Nov 08, 2020 1:34 pm
by Fjella
Det ser ikkje ut til å vera særleg livleg rundt denne bardisken så difor svarar eg på dei andre spørsmåla med det same utan å ta gjetteleiken:

1) Like dobbeltsiffer er populære, altså 11, 22, 33 … 99
Dei ser i alle fall ut til å vera nokså populære, det er 26 spelarar med slike nummer, mot altså 24 med jamn fordeling. Det er likevel eitt som ikkje er populært, Det er nr. 99. Eg kan heller ikkje hugse nokon spelar med dette nummeret. Er det nokon som veit om det er restriksjonar på bruken av dette nummeret? Det er jo det siste i nummerserien. Kanskje er det ingen som tør å bruke det.

2) Runde tal er populære, altså 10, 20, 30 … 90
Det er 27 spelarar med slike nummer. Dermed kan vi vel seia at dei er populære, men det kjem av at at nr. 30 er populært mellom målvakter. Vi kan derimot ikkje seia at runde nummer er spesielt populære mellom utespelarar i Fjordkraft-ligaen.

Re: Gjetteleik med nummer

Posted: Mon Nov 09, 2020 8:08 am
by tiger_n
Fjella wrote:
Sun Nov 08, 2020 1:34 pm
Det er likevel eitt som ikkje er populært, Det er nr. 99. Eg kan heller ikkje hugse nokon spelar med dette nummeret. Er det nokon som veit om det er restriksjonar på bruken av dette nummeret? Det er jo det siste i nummerserien. Kanskje er det ingen som tør å bruke det.
Usikker på helt hva som er sant her, men det er i det minste en pensjonert drakt i NHL. Det er vel heller ikke veldig mange som har et stort nok ego til å våge dra på seg nummeret til Gretzky vil jeg tro, så om det ikke er en skreven regel om at den drakta er freda all over så er det nok ingen som vil bruke den uansett.

Re: Gjetteleik med nummer

Posted: Tue Nov 10, 2020 3:05 am
by Cola
Til og med diverse ball spillere har prøvd seg med dette nr, men uansett blitt pepet ut