VM 2021 i Riga og Minsk

Post Reply
Fjella
Posts: 64
Joined: Wed Mar 18, 2020 5:52 pm

VM 2021 i Riga og Minsk

Post by Fjella »

Det er no klart at VM i Sveits blir avlyst, altså ikkje utsett. Det må bety at rankinga som no gjeld, blir avgjerande for gruppeinndelinga i VM. Noreg er ranka som nr 11 og kjem dermed i gruppe med Russland, Finland, USA, Tyskland, Latvia, Italia og Kashakstan. I og med at vi kjem i same gruppe som Latvia, blir våre kampar spela i Riga. Der trur eg det kan bli eit sterkt norsk innslag på tribunane. Det kunne kanskje ha vore morosamt å reise til Minsk også, men til Riga er det i alle fall mykje lettare å koma og billigare å reise.

Så vidt eg kan skjøne vil ikkje resultatet av kvalifiseringa til OL spela noka rolle for VM 2021.

sorum
Posts: 341
Joined: Wed Feb 26, 2020 12:33 am

Re: VM 2021 i Riga og Minsk

Post by sorum »

Fjella wrote:
Sun May 03, 2020 5:00 pm
Det er no klart at VM i Sveits blir avlyst, altså ikkje utsett. Det må bety at rankinga som no gjeld, blir avgjerande for gruppeinndelinga i VM. Noreg er ranka som nr 11 og kjem dermed i gruppe med Russland, Finland, USA, Tyskland, Latvia, Italia og Kashakstan. I og med at vi kjem i same gruppe som Latvia, blir våre kampar spela i Riga. Der trur eg det kan bli eit sterkt norsk innslag på tribunane. Det kunne kanskje ha vore morosamt å reise til Minsk også, men til Riga er det i alle fall mykje lettare å koma og billigare å reise.

Så vidt eg kan skjøne vil ikkje resultatet av kvalifiseringa til OL spela noka rolle for VM 2021.
Den gruppa du har satt opp stemmer nok. Men du har Tyskland inn i stedet for Sveits som vi skulle ha møtt om VM 2020 ble spilt. Men Sveits byttet kanskje gruppe med Tyskland pga arrangementstekniske grunner?

Fjella
Posts: 64
Joined: Wed Mar 18, 2020 5:52 pm

Re: VM 2021 i Riga og Minsk

Post by Fjella »

sorum wrote:
Sun May 03, 2020 7:31 pm
Den gruppa du har satt opp stemmer nok. Men du har Tyskland inn i stedet for Sveits som vi skulle ha møtt om VM 2020 ble spilt. Men Sveits byttet kanskje gruppe med Tyskland pga arrangementstekniske grunner?
Ja, det er nok det som var grunnen for inndelinga til VM i Sveits. No skulle det vel ikkje vera nokon grunn til å halde på den inndelinga lenger, så eg tippar at gruppene blir inndelte etter hovudregelen. Tyskland er ranka som nr. 7 med 3090 poeng og kjem i B-gruppa, medan Sveits er nr. 8 med 3060 og kjem i A-gruppe. Eg trur at bokstaven A blir brukt om den gruppa som har det høgst ranka laget, dvs. Canada.

Post Reply